Kartlegga, sikra, registrera og gjera tilgjengeleg eit arkiv med historiske fartøysopplysningar frå Det Norske Veritas. Metodisk kartlegging og vurdering av tilstand saman med papirkonservator, noko som også vil auka museets interne kompetanse. Sikra skada materiale og identifisera det som er eigna for scanning. Skapa arkivkatalog som publiserast på Arkivportalen og legga til rette for digitalisering av eit utval, med publikasjon til Digitalarkivet. Laga digitale lister over fartøy med tilhøyrande informasjon frå den mest etterspurde delen av arkivet . Det kan utgjera eit grunnlag for arbeid med ei fartøyliste på KulturNav, eit arbeid som vil samordnast med Hardanger Fartøyvernsenter. Ei slik fartøysliste vil bli ei lett tilgjengeleg kjelde med fleire inngongar til informasjonen og av stor interesse for mange brukargrupper, både forskarar, fartøyverninteresse og andre. Prosjektet vil gjera arkivet mindre utsett for vidare nedbryting, gjera informasjon frå arkivet tilgjengeleg og samstundes hindra slitasje og skader på grunn av bruk.
Tittel: Det Norske Veritas’ besiktigelsesforretning: byggebeskrivelsar og inventarielister.
Status: Pågående
Prosjekteier: Norsk Maritimt Museum
Tema: Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 97 500 kr
Tildelingsår: 2024
Antall tildelingsår: Flerårig
Om prosjektet
Arkivet etter Det Norske Veritas’ Besigtelses-Forretning. Arkivet består av innbundne dokument og utgjer om lag 44 hm fordelt på 610 «bøker». Arkivet dokumenterar fartøy ved bygging, reparasjonar og endringar. Dette er pålitelege og detaljrike dokument på individuelle norske skip. Dei gjev informasjon og detaljerte tekniske data og skipet, slik som materialtype, materialdimensjonar, rigg og inventar. DNV si besigtigelsesordning vart på 1900-talet ført vidare i skipskontrollen med statlege krav til tilsyn med fartøyet. Dokumenta er trykte skjema som er utfylte for hand, og med einskilde brev og notat. Dokumenta er ordna etter år og seriar, bundne inn alfabetisk etter skipsnamn innafor kvart år. Arkivet er ikkje registrert og på grunn av tilstanden er informasjonen i stor grad utilgjengeleg. Arkivet er svært skite, det er funne spor av mugg, store skader på innbinding og sprøtt papir er godt synleg. Tilgjengeliggjøring: Arkivet vert forvalta av Norsk Maritimt Museum. Arkivkatalogen vil bli publisert på Arkivportalen og eit utval digitaliserte arkivstykke vil bli publisert på Digitalarkivet. 01.02.2025 – 30.12.2026 tilstandsvurdering, reinsing, registrering og pakking. Publisering på Arkivportalen. Det er mest tenleg å gjera dette parallelt for minst mogeleg handtering av materialet.