Møbelhistoria synleggjort

Møbelmuseet har vore i drift sidan 1995 og har hatt ei rolle som møbelbransjens dokumentasjonssenter og museum. Vi har teke i mot mange arkiv etter møbelorganisasjonar, bedrifter og designarar. Mesteparten av dette er ikkje ordna og registrert. Dette skuldast i hovdesak mangel på personellressursar. Etter 2004, då møbelbransjeforeiningane på arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida trekte seg ut som eigarar av museet, har det berre vore ein tilsett, og vedkomande (underteikna) har i stor mon vore oppteken med skriveprosjekt og utstillingsarbeid, og tverrfagleg samarbeid i museumsorganisasjonen vi frå 2004 har vore ein del av – Stiftinga Sunnmøre Museum/Viti. No håper vi å få midlar til å starte registreringa og gjere tilgjengeleg nokre av arkiva, dei vi meiner har allmenn interesse og særleg verdfullt arkivinnhald.

Tittel: Møbelhistoria synleggjort

Status: Pågående

Prosjekteier: Viti

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 320 000 kr

Tildelingsår: 2024

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Vi har arkiv etter fleire arkivskaparar i Møbelmuseet, som har tilhald i ei murbygning i Sykkylven sentrum. Bygninga vart ført opp i 1977 og fram til 1992 ca var her ein konfeksjonsfabrikk. I reolane våre har vi arkiv etter følgjande arkivskaparar: * Møregruppen av Møbelprodusentenes Landsforening. 1970- 80-åra. Møtebøker, korrespondanse – 2 hyllemeter. * Westnofa – største eksportorganisasjonen i møbelbransjen, etablert i 1955 av fem sunnmørsbedrifter, verksam til ca 1990. Møtebøker, korrespondanse – 1,5 hyllemeter. * Møbelprodusentenes Landsforening, Oslo. Møteprotokollar frå etableringa av organisasjonen i 1904 til 1990-åra – 0,5 hyllemeter. * Bruksbo tegnekontor, Oslo. Arkitektteikningar – 0,5 hyllemeter. * Svein Gusrud, designar, Oslo. Teikningar, brosjyremateriell. 1970-åra til ca 2010 – 1,5 hyllemeter. * Vik & Blindheim Møbelfabrikk, Sykkylven. Korrepondanse ca 1947 – 1960 – ca. 0,5 hyllemeter. * Tynes Møbelfabrikk, Sykkylven. Blanda bedriftsarkiv. Mesteparten ligg i arkivskap i stål delvis ordna tematisk og kronologisk, men ikkje registrert. Frå 1940-1980-åra – 6 hyllemeter. * Brunstad Møbelfabrikk, Sykkylven. Blanda arkiv med korrespondanse, rekneskapsbøker, fakturapermar etc. – 4 hyllemeter. * Vestlandske Møbelfabrikk, Sykkylven. Møbelkatalogar. 1 hyllemeter. * P.I. Langlo – Ekornes Stranda. Blanda arkiv med m.a. korrespondanse og bedriftsinterne dokument – 1,5 hyllemeter. * Gjerdsvika Trevarefabrikk. Komplett bedriftsarkiv frå -20-åra til ca