Arkivleia

Ved å knyte saman private og offentlege arkiv frå tre fylke med lang kysthistorie i ein interaktiv digital løysing, vil prosjektet gje ei stort heilskapleg forståing om kva rolle kysten har spelt for den norsk samfunnsutviklinga. Eit enkeltarkiv eller ei framstilling med den geografiske avgrensinga til berre eit fylke kan ikkje formidle dette. Heilskapen av arkivmateriale og interaksjon vil gje publikum ei betre forståing av både kvifor arkiv vert bevart, men og ei betre forståing av kva arkivmateriale som er tilgjengeleg. Ved å knyte oss saman med museum, bibliotek og frivillige ynskjer prosjektet å skape samhandling mellom institusjonar og generasjonar.

Tittel: Arkivleia

Status: Pågående

Prosjekteier: Vestland fylkeskommune

Tema: Formidling og forskning

Tildelt beløp: 250 000 kr

Tildelingsår: 2025

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Historisk perspektiv og aktualisering av kystkultur I Regjeringas bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø (2025) vert det peika på at kystens kulturmiljø framleis er mangelfullt ivaretatt, til tross for at kysten har vore avgjerande for norsk samfunnsutvikling. Strategien understrekar at det er behov for ein styrka innsats for å bevare kystens kulturmiljø, då kysten er prega av store endringar og alltid har vore påverka av impulsar frå andre land. Arkiva utgjer ein fundamental komponent i denne bevaringsstrategien, då dei inneheld dokumentasjon som er heilt nødvendig for å forstå, bevare og formidle kystkulturens immaterielle aspekt. Dette prosjektet adresserer difor ikkje berre arkivfaglege utfordringar, men bidrar direkte til realisering av nasjonale kulturpolitiske mål. Prosjektet tek sikte på å gjera livet langs kysten og det vide omgrepet «kystkultur» meir forståeleg og relevant for dagens innbyggarar . Det lange kystbeltet har vært avgjerande for norsk samfunnsutvikling gjennom tusenvis av år. Kystsamfunna har utvikla unike tradisjonar, teknologi og levemåtar tilpassa havet som både livsgrunnlag og utfordring. Frå båtbygging og fiskemetodar til handel og kommunikasjon har kysten forma norsk identitet og økonomi. Prosjektet klargjer likskapar og forskjellar, noko som gir eit verdifullt perspektiv for samtidsdiskusjonar om migrasjon, klimatilpassing og berekraftig samfunnsutvikling. ISO 19264-1 for mediekonvertering er relativt nytt.