Utanrikshandel og forsyningar

Etter den tyske invasjonen blei Noreg avskore frå mange import- og eksportmarknader, inkludert den viktigaste handelspartnaren sin Storbritannia.
I dei neste fem åra bestemte okkupasjonsmakta kva land vi fekk handle med og kva vi kunne kjøpe og selje. Den såkalla clearinghandelen blei den viktigaste forma for utanrikshandel.
Utanrikshandelen sin verdi
Utanrikshandelen var av stor verdi både for nasjonaløkonomien og forsyningssituasjonen. Verdien av den totale utanrikshandelen (summen av import- og eksportverdi) målt pr innbyggar var større i Noreg enn i noko anna europeisk land. Utanrikshandelen blei derfor eit viktig arbeidsområde for styresmakter og næringslivsorganisasjonar.

Clearing som handelssystem
Clearingsystemet blei introdusert i internasjonal handel på 1930-talet. Den viktigaste årsaka var nok mangel på fri valuta. Ved clearinghandel blir tilgodehava til landa avrekna mot kvarandre utan at pengar nødvendigvis skifter hender. Oppgjeret kan skje mellom nasjonalbankane i dei respektive land, eller mellom særskilde clearingkontor. Særleg Tyskland gjorde utstrekt bruk av ordninga. I 1934 blei det oppretta eit eige kontor, Deutsche Verrechnungskasse, for å avlaste Reichsbank i arbeidet med clearinghandelen. På norsk side skjedde clearinghandelen gjennom Noregs Bank. Informasjon om dette ligg i banken sitt arkiv.
Norges Clearinginstitutt
Utanrikshandelen i det tysk-dominerte Europa under krigen var hovudsakleg clearinghandel. Etter den tyske invasjonen måtte Noreg inngå clearingavtalar med handelspartnarane. Oppgjeret både med Tyskland og andre land skjedde stort sett gjennom Deutsche Verrechnungskasse, som ofte blei kalla centralclearingen.
Norges Clearinginstitutt blei oppretta hausten 1940 på grunn av det store omfanget clearinghandelen hadde fått. Men Noregs Bank tok seg framleis av ein del store og prinsipielle spørsmål i clearinghandelen. Informasjon om Norges Clearinginstitutt, bl.a. årsmeldingar, finst i departementråd Brinch sitt arkiv.