Ny rettleiar for risikovurdering og fysisk sikring av arkiv Vegard Breie/Nasjonalarkivet
Nasjonalarkivets lokaler i Oslo. Foto: Vegard Breie/Nasjonalarkivet.

Ny rettleiar for risikovurdering og fysisk sikring av arkiv

Krava til korleis verksemder skal sikre arkiva sine er endra. No har Nasjonalarkivet laga ein ny rettleiar som skal hjelpe verksemder med å gjere risikovurderingar av den fysiske sikringa av arkiva.  

Gode risikovurderingar og rette sikringstiltak er avgjerande for å hindre at viktig dokumentasjon blir skadd eller går tapt.  

Det nye arkivregelverket som tredde i kraft ved nyttår er i stor grad funksjonsbasert. Krava er mindre detaljerte enn før, og verksemdene har derfor eit større ansvar for sjølv å vurdere om lovkrava er oppfylte.  

Slik kan rettleiaren brukast

Rettleiaren gir støtte til dette arbeidet. Den inneheld hjelpespørsmål som kan brukast for å kartleggje risiko og sårbarheiter, og som kan inngå i internkontrollen for verksemda. Målet er å sikre at arkiva er verna mot skade og tap.  

Rettleiaren rettar seg særleg mot offentlege verksemder og andre som er underlagt arkivlova. Den er først og fremst relevant for dei som jobbar med dokumentasjonsforvaltning og arkiv, men kan også vere nyttig i arbeid med internkontroll og byggdrift.  

Den omfattar arkiv lagra på fysisk lagringsmedium, både digitale og analoge arkiv. Temaa spenner frå vern mot vatn og brann til sikring mot klima- og miljøpåverknad, innbrot og uautorisert tilgang.