Skulen har spelt ei sentral rolle i lokalsamfunnet, og alle har eit forhold til skulen. Skulen speglar samfunnet, og ved hjelp av arkiv, lokal kunnskap og tradisjonar kan ein spore ein kronologi og ei utvikling. Prosjektet sitt mål er å samle informasjon som gir eit heilskapleg bilete av skulen si rolle og utvikling over tid, samt å opne dører til digitalisert innhald. Gjennom ein digital skuleportal kan publikum hente ut og samstille informasjon frå databasar.
Tittel: Skulen min (kommunale og private skulearkiv. Samarbeidsprosjekt om skulen og skulehistoria i Sogn og Fjordane)
Status: Avsluttet
Prosjekteier: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Tema: Overføring og bevaring, Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 425 000 kr
Tildelingsår: 2016
Antall tildelingsår: Flerårig
Om prosjektet
Omtale: Vi søker med dette om år to av eit treårig prosjekt. Sjå tekst frå søknaden i fjor (vedlegg #1) for meir om bakgrunn og tankar rundt samarbeid, tekniske funksjonar, brukarmedverknad, digital kompetanse og finansiering i prosjektet. Dette prosjektet passar på ulike måtar inn i alle dei tre satsingsområda innanfor tilskotsprogrammet for heilskapleg samfunnsdokumentasjon: Vi jobbar med å sikre, gjere tilgjengeleg og formidle både kommunale skulearkiv og private arkiv knytt til skulehistoria i fylket. Vi prioriterer betre informasjon i Arkivportalen og digitalisering av arkiv og andre kulturminne. Dei digitaliserte kjeldene skal presenterast samla i ein ny digital skuleportal. Vi forsøker å vere mest mogeleg opne og formidlar informasjon om dei ulike stega i prosjektet på ei eiga side på LokalhistorieWiki. Vi skriv også nettsaker og publiserer i sosiale medium om arbeidet som vert gjort. Dei to hovudmåla for prosjekta er: 1. Samarbeid om gode fellesløysingar for formidling av skulehistorie. Bidragsytarane skal samarbeide med kvarandre og med nasjonale, regionale og lokale aktørar om å kartlegge, produsere, digitalisere og samle informasjon og kjelder innanfor temaet «skule» i opne databasar. 2. Betre tilgang til og formidling av digitaliserte kjelder og materiale. Gjennom dette første året har vi jobba med pilotkommunen Hyllestad.
Rapporter
Samme sluttrapport vises også på prosjektsidene for 2015.