Digitalisering og publisering av kommunestyreprotokoller

IKAMR ønskjer å skanne protokollane og gjere dei tilgjengelege på nett i størst mogleg grad. Grunngjevingane for dette er: 1. Gjere arkiv av offentleg interesse lett tilgjengeleg. 2. Spare arkivstykka for slitasje. 3. Lette handteringa av forespørslar og dermed spare arbeid for arkivinstitusjonen. 4. Auke graden av sjølvbetjening og alment bruk av arkiva. 5. Gjere Arkivportalen.no meir attraktiv for publikum.

Tittel: Digitalisering og publisering av kommunestyreprotokoller

Status: Avsluttet

Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 300 000 kr

Tildelingsår: 2017

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Omtale: Den største etterspørselen etter innsyn i arkiva utanom personregister hos IKAMR er kommunestyreprotokollar i perioden omlag 1945-1964. Det er registrert 326 slike arkivstykke frå både eksisterande og nedlagde kommunar. Talet aukar på etter kvart som deponering skjer. Med unntak av Ålesund kommune (trykt) og tidlegare Giske og Vigra kommunar (avskrift) er protokollane handskrivne og kan ikkje OCR-skannast no. Arbeidet vil bli gjorti eit samarbeid mellom Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS og dei to fylkeskommunale institusjonane Senter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) og Kulturnett Møre og Romsdal. Desse to er administrativt knytt til IKAMR, men har basisfinansieringa frå fylkeskommunen. Alle oppdrag må finansierast ekstra til kostpris. Digitalisering, publisering og hest indeksering vil gje store fordelar både for kommunane, brukarane/publikum og arkivinstitusjonen IKAMR. Vi vil også oppnå at Arkivportalen.no bli meir attraktiv å bruke. På same måte som ved å gjere sjølve protokollane tilgjengeeg på lesesal, må det vurderast om materialet kan innehalde personsensitive opplysningar. Erfaringa er at det er det lite av, men det som finst må sladdast i den versjonen som blir offentleggjort. Første steg blir å ta fram og legge tilrette protokollane. Andre steg er å bruke bokskannar til å lage råfiler.

Rapporter