Om nytt arkivregelverk
På denne sida finn du samla informasjon om regelverket, rettleiingar, tolkingar, ressursar og aktuelle nyheiter som kan hjelpe deg å forstå og ta i bruk dei nye krava.
1. januar 2026 trådte det nye arkivregelverket i kraft. Det består av ei lov om dokumentasjon og arkiv og to forskrifter, og erstattar tidlegare føresegner. Sjølve lova vart kunngjort av Stortinget 20. juni 2025. Forskrift om dokumentasjon og arkiv (arkivforskrifta) vart kunngjort 18. desember 2025. Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (bevaringsforskrifta) vart kunngjort 19. desember 2025.
Det nye arkivregelverket gir oppdaterte og meir funksjonsbaserte rammer for korleis offentlege verksemder skal skape, forvalte og bevare dokumentasjon, og gir samtidig tydelegare regulering på enkelte område. Målet er å sikre openheit, etterprøvbarheit og ei god informasjonsforvaltning, samtidig som verksemdene blir gitt handlingsrom til å velje løysingar som passar eiga organisering og teknologi.
Regelverket er teknologinøytralt og legg større vekt på dokumentasjon som ressurs og som grunnlag for rettstryggleik, demokrati og effektiv forvaltning.
Kva er nytt?
Den nye arkivlova gjer det mogleg å sikre dokumentasjon i ein digital røyndom, og legg til rette for å realisere arkiv på nye måtar i eit nasjonalt økosystem. Lova er enklare å forstå for dei som skal ta henne i bruk, og eit meir teknologivennleg lovverk. Regelverket er ope for nye teknologiske løysingar, og det blir enklare å utvikle løysingar som faktisk blir tekne i bruk. Andre viktige endringar er:
- Arkivverket har skifta namn til Nasjonalarkivet.
- Verkeområdet for lova er utvida, og fleire verksemder har fått arkivplikt. Samtidig får forvaltninga større handlingsrom til å finne gode løysingar sjølv, så lenge dei held seg innanfor lova.
- Nasjonalarkivet har fått sanksjonsmoglegheiter ved brot på lova.
- For statlege arkiv er digital avlevering blitt eit krav, noko som gjer det lettare å gjere data tilgjengelege digitalt.
- Sjølv om lova først og fremst sikrar arkiv frå offentleg sektor, legg ho også til rette for at privatarkiv blir bevart og gjort tilgjengelege.
Nasjonalarkivet utarbeider veiledere som skal støtte virksomheter i å forstå og etterleve det nye regelverket.
Oversikten oppdateres fortløpende og viser status på ulike temaer det skal lages veiledere på. Målet er å gi forutsigbarhet og innsikt i arbeidet som pågår, og å gjøre det enklere for forvaltningen å planlegge egen tilpasning til regelverket.
-
Veileder for risikovurdering og fysisk sikring av arkiver
-
Veileder for virksomheter som mottar søknad om kassasjon av enkeltopplysninger
-
Veileder om bevaringskriteriene i § 2 i arkivforskriften
-
Veileder for konvertering av papirarkiver
-
Etablere internkontroll med dokumentasjonsforvaltningen
-
Aksepterte filformater for avlevering til Nasjonalarkivet
-
Informasjonssystemer: nytt regelverk gir nye muligheter
-
Noark – hva nå?
Artikler – nytt regelverk
- Ny veileder om internkontroll med dokumentasjonsforvaltningen
- Ny veileder skal gjøre det enklere å overføre papirarkiv
- — Hva kan samfunnet vinne på nye arkivløsninger?
- Ny rettleiar om bevaringskriteria i arkivforskrifta
- En kort introduksjon: hva må informasjonssystemer kunne
- Nasjonalarkivet har fastsett ny bevaringsforskrift
- Ny rettleiar for risikovurdering og fysisk sikring av arkiv
- Nasjonalarkivet har vedtatt en ny tilsynspolicy
- Ny bevaringsforskrift er fastsett
- Arkivverket blir Nasjonalarkivet
- Oppgåver løyste på vegner av offentleg organ: § 7 i ny arkivlov
- Ny arkivlov: rettleiing og tilsyn 2026
- Privatarkiv i ny arkivlov
- Nye rettssubjekt under arkivloven fra 2026
- Ny arkivforskrift ute på høyring
- Ny bevaringsforskrift sendt på høyring
- Ny arkivlov godkjend i statsråd
- Over 300 brudd på arkivloven i 2024 – nå kommer nytt regelverk
- Ny arkivforskrift ute på høyring
- Arbeidet med ny arkivforskrift er i gang















